Du vil kjenne eit lite stikk

Ingvild Skølt

kr429.00

1 på lager

SKU: 14281 Kategoriar: ,

Omtale

Eigentleg har alt gått på skinner for Hanne så langt i livet. Dei gode karakterane frå vidaregåande har ho veksla inn i seks år på medisinstudiet. Ho har lyse utsikter, gode intensjonar og altfor stor kvit frakk, men det viser seg å vere langt frå lesesal til akuttmottak. Det kan umogleg halde i lengda.

Det er ikkje noko som er meir vaksent enn å vere doktor på ordentleg. På gode dagar reddar ein liv, men døden kjem vel så ofte. Hanne prøver hardt å vere flink lege , medan ho manøvrerer mellom trøytte bakvakter, rasande pårørande og ei overhengande frykt for å gjere feil. Så skjer det som ikkje skal skje. Hanne si verd ramlar saman, og ho byrjar å tvile på sin eigen verdi både med og utan stetoskopet kring halsen.

Du vil kjenne eit lite stikk er ei forteljing om skuld, straff og forsoning – og om Ã¥ møte den rette i livet.

«Sterk debut med uventet legeroman. (…) Det er noe menneskelig og sÃ¥rt i denne romanen som rett og slett gjør at boken er vanskelig Ã¥ legge fra seg. Skølt gir oss et nydelig innblikk i hvordan følelsen av utilstrekkelighet spiser en opp nÃ¥r man blir kastet ut pÃ¥ dypt vann. (…) Den sprÃ¥klige stilen er lavmælt og til tider knapp, noe som passer underlig godt. (…) Skølt har rett og slett fanget meg. «Du vil kjenne eit lite stikk» er en underlig fascinerende bok som gir termen legeroman et helt nytt innhold. Dette er en sterk debut av Ingvild Skølt og jeg er spent pÃ¥ Ã¥ se om hun klarer Ã¥ overføre denne sÃ¥re og ekte følelsen til nye miljøer i fremtiden. Denne romanen kan du trygt lese.» Nancy Øvrehus, Stavanger Aftenblad (Terningkast 5)

«Ingvild Skølt har skrive ein frisk og levedyktig debutroman. (…) SprÃ¥ket er bÃ¥de nøkternt og rikt, dramaturgien har det rette blodtrykket. Person- og miljøskildringane er truverdige …» Ingvild Bræin, Dag og Tid

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.351 kg
Innbinding

Aldersnivå

Vaksen

Forlag

Aschehoug

Språk

Nynorsk

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Du vil kjenne eit lite stikk”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *