Mellom linjene

Gunnar Garfors

kr499.00

Levering 3-7 arbeidsdagar

SKU: 14328 Kategoriar: , ,

Omtale

Korleis påverkar klimaendringane kvardagen til vanlege folk? I Mellom linjene tar Gunnar Garfors lesaren med på ei makelaus reise langs ekvator og dei to polarsirklane for å finne svar. Vi får bli med på lasteskip ned Kongoelva, med toget gjennom Sibir og i beltebil over den antarktiske isen, og får eit sjeldan innblikk i dagleglivet til folk vi elles aldri ville ha møtt.

Gjennom gripande forteljingar, personlege menneskemøte og naturskildringar får vi ein statusrapport frå ei kokande verd. Vi får vite korleis klimaet i endring påverkar livet til fiskarar, bønder, byfolk og urfolk – frå regnskogen i Amazonas til isøydet på Grønland.

Med ei unik evne til å kome i kontakt med vanlege folk og skarpe observasjonar har Gunnar Garfors fått skrive ei reiseskildring som både er underhaldande, engasjerande og augeopnande.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.878 kg
Innbinding

Aldersnivå

Vaksen

Forlag

Skald

Språk

Nynorsk

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Mellom linjene”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *