Nærings-og kultursoge for Ørsta ca. 1600–1837

Gunnar Ellingsen

kr525.00

2 på lager

SKU: 10242 Kategoriar: , ,

Omtale

Utdrag frå forordet:
Dette bandet av nærings- og kultursoga omfattar «gamle» Ørsta kommune frå ca. 1600 til kring 1837. Det første årstalet er valt fordi Bjørn Jonsson Dale vart tilsett i 1992 for å skrive gardssoga for gamle Ørsta kommune. Det resulterte i dei to ættebøkene «Ørstingar I–II» som kom ut i 1995 og i 1999. Dale arbeidde så vidare med gards/busetnadssoga, der han også gjekk til dels grundig inn på tilhøva i bygda i mellomalderen fram mot 1600-/1700-åra. Diverre har dette arbeidet til no ikkje vorte publisert i bokform, men noverande prosjektgruppe for nærings- og kultursoga og noverande bygdebokredaktør har funne det for arbeidskrevjande å skulle gjere opp att eit liknande arbeid.

Årstalet 1837 er valt fordi formannskapslovene vart vedtekne då, noko som på sett og vis starta ei ny tid med kommunalt sjølvstyre sjølv om Ørsta vart ein del av den nyskipa Volda kommune.

Tilleggsinformasjon

Vekt 1.4 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Nærings-og kultursoge for Ørsta ca. 1600–1837”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *