Utanfor, i vest, bryt havet på

Arne Garborg

kr262.00

4 på lager

Omtale

Opningskapitlet i Arne Garborgs roman Fred, illustrert av Jan Th. Værp – etterord av Tom Hetland.
Alle tekstane i boka er omsett til engelsk.

Utdrag frå føreordet:
Alt frå barneåra var eg oppteken av tekstane til Arne Garborg. «Småsporven gjeng i tunet», var den første teksten hans vi lærde i den vesle skulestova på Ueland i Varhaug. Seinare vart vi kjende med Veslemøy i diktverket Haugtussa. Første skuleturen vår gjekk til Knudaheio våren 1956. Det skuleguten hugsar best, var dei låge dørene og den korte senga. Arne Garborg var ikkje høg, men som forfattar var han stor.

I år er det 125 år sidan Arne Garborg sat nede ved havet i Klepp kommune og skreiv «Fred». I opningskapitlet skildrar Garborg Jæren så godt at ingen i ettertid har klart det betre. Det står i ei særstilling i norsk litteratur, og jærbuen har fått eit eigarforhold til denne teksten.

Tarald Ueland, forleggjar

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.500 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Utanfor, i vest, bryt havet på”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *