Fiskarkona og døtrene hennar – Eit hundreårig kvinneminnealbum

Guri Aasen

kr263.00

SKU: 11617 Kategoriar: ,

Omtale

Kven hadde ho vist seg å vere tru, skulptør Tore Bjørn Skjølsviks fiskarkonestatue på Vågsplassen i Fosnavåg, om ho kunne tre ned av sokkelen og fortelje oss om livet sitt?

Denne samlinga minneforteljingar frå tidsromet 1860–1960 lyfter fram eit utval av alle dei kvinnene som gjennom tidene har vore mottaksapparatet for foredlinga av havets grøde i Herøy på Sunnmørskysten. Vi møter fiskarbonden og budakokka, kverkejenta og klippfisk-kjerringa, røykjeriarbeidaren og hermetikkjenta. Borna må òg vere med, sidan dei til langt inn i vår tid møtte arbeidslivet frå den dagen hendene var sterke nok til å gjere nytte for seg.

Mange av forteljingane har vakse fram av samtalar med godt vaksne kvinner og menn, medan andre er henta frå lokal- og kvinnehistoriske kjelder. Boka er eit minnealbum, og såleis rikt illustrert med talande bilde frå fiskearbeid og daglegliv i Herøy.

Guri Aasen (fødd 1953) er frå Ørsta og busett i Herøy. I verksemda Vestanfor Måne skaper ho framsyningar og verkstader i forteljekunst. Bildeboka Fiskarkona og døtrene hennar. Eit hundreårig kvinneminnealbum er tufta på hennar forteljeframsyning med same namn og var eit tingingsverk for Herøy kommune i 2010.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.400 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Fiskarkona og døtrene hennar – Eit hundreårig kvinneminnealbum”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *