Garasjeland

Frode Grytten

kr200.00

Levering 3-7 arbeidsdagar

SKU: 12886 Kategoriar: ,

Omtale

“Dette var min første sommar i Garasjeland. Juli kom med ei hetebølge som varte i tre veker. Midt pÃ¥ dagen steig temperaturen til over førti grader. Far min hadde ikkje investert i kjøleanlegg, sÃ¥ om nettene sette vi oss i bilen og kjørte ut pÃ¥ dei opplyste motorvegane. Han ville sjÃ¥ skogbrannane som herja langs kysten. Ei natt stansa vi pÃ¥ ein nedlagt bensinstasjon, steig ut og blei stÃ¥ande. Oske fall frÃ¥ himmelen, nesten som snø, bare at ein blei svart pÃ¥ tunga om ein fanga dei gjennomsiktige flaka.”

Ein sekstenÃ¥ring flyttar inn hos faren i Garasjeland, og dei rekordvarme sommarvekene der skal merke han for livet. Den unge mannen i “Oslo” kjem tilbake til heimbyen for Ã¥ fÃ¥ hemn. Det gifteklare paret i “Den siste øya” har investert i drømmereisa som ifølge operatøren vil gi dei isolation level: High, men er dei heilt Ã¥leine? I “Inntrengar” stirer eit norsk par forundra inn pÃ¥ mannen som med spansk lov pÃ¥ si side har flytta inn i feriehuset deira. Polakken i “YNWA” er langpendlar med jobb pÃ¥ vestlandsk fiskeslakteri og ei gryande erkjenning av at Norge er meir enn lykke og frisk luft. “Slutten pÃ¥ historia” skildrar vakkert møtet mellom to tidligare kjærastar ein sur kveld den spesielle vÃ¥ren 2020.

I si tiande novellesamling tar Frode Grytten oss med til Oslo, Bergen, Torrevieja, Sotra, Paris, Las Vegas og det maskuline Garasjeland. Forfattaren viser korleis folk som er drive av lengt og kjærleik og fanatisme, søker fellesskapet, men heile tida med einsemd og isolasjon som like sannsynlige utfall. Som alle drømmarar må dei ta konkrete val og nærme seg andre personar på eit vis som trugar med å rasere illusjonen om det perfekte.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.107 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Garasjeland”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *