Are Kalvø på scenen

Are Kalvø

kr392.00

1 på lager

SKU: 11562 Kategoriar: , ,

Omtale

Tull, tøys og teater – det næraste du nokon gong kjem ein biografi om Are Kalvø!

Are Kalvø er ein av dei største komikarane her i landet. I løpet av dei siste tjue åra har meir enn ein halv million nordmenn sett framsyningar han har vore involvert i. Kalvø har blitt nominert til femten komiprisar og til Hedda-prisen.

Her kan du lese om Kalvøs sceneliv, frå den første blasfemianklagen i tredjeklasse og russerevyen i heimbygda Stranda, til karrieremilepælar som standupdebuten på homseklubb, det første trusselbrevet og dagen han forstod at ein ball kan syngje. Her er høgdepunkt frå revy- og standupverksemda samla for første gong. I tillegg får du tekstane frå Norge-Brasil, ein fotballopera, frå Kalvø – ein time av livet ditt du aldri får tilbake og frå Halve kongeriket. Norsk politikk – the musical.

Boka er rikt illustrert med bilete frå framsyningar, avisutklipp og private bilete.

Dette er garantert det næraste du kjem ein sjølvbiografi av Are Kalvø.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.920 kg
Innbinding

Aldersnivå

Vaksen

Forlag

Det Norske Samlaget

Språk

Nynorsk

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Are Kalvø på scenen”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *