Blodspora frå Dagaliveien

Odd Isungset

kr375.00

1 på lager

SKU: 13649 Kategoriar: ,

Omtale

11. oktober 2023 er det tretti år sidan forleggjaren William Nygaard blei skoten utanfor heimen sin i Dagaliveien i Oslo, attentatet blei kopla til fatwaen mot Salman Rushdie. Framleis er saka uløyst. I denne boka nøstar gravejournalisten Odd Isungset opp dei lause trådane i ei dramatisk krimforteljing som handlar om svakt politiarbeid, politisk feigskap og manglande journalistisk interesse for ei av dei viktigaste ytringsfridomssakene i vår tid.

Kva er grunnen til at denne saka enda ikkje er oppklart? Kva skjedde då ein mistenkt vart arrestert og brått lauslaten? Kvifor fekk ikkje eingong Nygaard vite at saka blei henlagd i det stille i 2007? I 2018 blei to menn sikta for å ha forsøkt å ta livet av William Nygaard. Kvifor greier ikkje norsk politi å løyse saka? Er det frykta for å legge seg ut med Iran som gjer at denne kriminalsaka framleis ikkje har fått ei løysing?

Blodspora frå Dagaliveien fører heilt fram til i dag, i august 2022 blei Salman Rushdie knivstukken under eit arrangement i USA.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.635 kg
Innbinding

Aldersnivå

Vaksen

Forlag

Det Norske Samlaget

Språk

Nynorsk

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Blodspora frå Dagaliveien”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *