Sal!

Bror din på prærien (Edvard Hoem)

kr157.00

2 på lager

SKU: 11286-1 Kategoriar: ,

Omtale

Eilert Knutsen er berre seksten og eit halvt år gammal da han går om bord i dampskipet S/S Juno i Kristiansund, med kurs for Amerika. På kaia står far hans, slåttekaren Knut Hansen Nesje, sterkt prega av stunda.
Seks veker seinare bankar Eilert på døra hos tante Gjertine i Day County, Sør-Dakota. Eilert er ein vakker ung mann, godt over seks fot høg, og jentene i det nye landet set blikket rett på han. Da han kysser den romantiske Rosa Edelblad, er det med både sterk lyst og frykt for å bli bunden. Eilert forsøker å la arbeidet styre han. Det skal kome ei stor og gjennomgripande vending i Eilerts liv, som om han har vore på feil spor.
Etter tolv år som fri arbeidshand i Sør-Dakota, Minnesota og Wisconsin bryt han opp – slik 50 000 andre nordmenn i si tid gjorde – og startar på den lange reisa til prærien i Canada. Hausten 1905 tar han land ved Eidswold (Donalda), Alberta. Heime i Norge ser Nesje at åra går, og han uroar seg for om han skal få sjå sonen sin att i dette livet.
«Bror din på prærien» er ein slektsroman og ein westernroman, fortalt på same sanselege vis og i same poetiske språk som Hoems roman frå 2014, den lovpriste «Slåttekar i himmelen».

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.458 kg
Innbinding

Hefta

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Bror din på prærien (Edvard Hoem)”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *