Dei døde

James Joyce

kr218.00

5 på lager

SKU: 11716 Kategoriar: , Tag:

Omtale

Ein etter ein skulle dei alle verta til skuggar.

«Dei døde» er tredje bok i SKALD sin klassikarserien med verdslitteraturens viktigaste verk i ny, nynorsk språkdrakt.

James Joyces «Dei døde» (1914) blir sett på som ei av verdas beste noveller. Forteljinga som avslutta samlinga Dubliners inneheld alt som gjer Joyce til ein feira forfattar: eit sanseleg språk, bitande ironi og ei brennande interesse for det indre livet til menneska, med dei stivna konvensjonane som ytre tvangstrøyer.

Joyce ønskte å gi ei sannferdig framstilling av menneska og det samfunnet dei levde i. Samtida reagerte med sjokk på dei direkte skildringane hans av alkoholisme, urett, seksualitet og generell dårskap. Joyce heldt ikkje noko tilbake og gav eit uforfalska bilete av menneskenaturen slik han såg den.  Dette gjer verket hans friskt og gjenkjenneleg også for dei som les han i dag.

Med denne omsetjinga av Jon Fosse er det første gong ein tekst av James Joyce vert gitt ut på nynorsk.

SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.125 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Dei døde”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *