Sal!

Dei tilsette (Olga Ravn)

kr322.00

10 på lager

SKU: 12840 Kategoriar: ,

Omtale

Dystopi om arbeidsliv, menneskeverd og framtida på jorda

Mannskapet på «Det sekstusande skip» består av menneskelege og menneskeliknande tilsette. Då skipet får ei rekke gjenstandar om bord frå planeten Nyoppdaginga, byrjar dei tilsette å utvikle djupe tilknytingar til desse, utan at dei heilt skjønar kvifor. For somme vekker dei minne frå livet på jorda. For andre er det vanskeleg å sjå kor skiljet går mellom seg sjølv og omgivnadene, mellom menneske og ting.

Dei tilsette er ein science fiction-idéroman om bioteknologi, kunstig intelligens, klimautfordringar og arbeidsvilkår, og om kva det vil seie å vere menneskeleg. Boka er kompromisslaus i møte med eit av vår tids mest presserande spørsmål: Kva vil skje med menneskeverdet i eit samfunn basert på effektivisering og stadig aukande vekst?

Til norsk ved Inger Bråtveit.

Olga Ravn (f. 1986) er ein dansk forfattar, kritikar og forlagsredaktør. Ho debuterte i 2012 med Eg et meg sjølv om lyng. Året etter kom romanen Celestine, som ho mottok Michael Strunge-prisen for. I 2016 kom diktboka Den kvite rosa, og i 2018 romanen Dei tilsette. Alle bøkene er utgitt på Samlaget i Inger Bråtveits omsetjing. I 2020 kom også romanen Mit arbejde, som er planlagt utgitt på norsk i 2022.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.242 kg
Innbinding

Innbunden

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Dei tilsette (Olga Ravn)”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *