Den fyrste bibelen paa norsk

Anders Aschim, Per Halse

kr341.00

Omtale

Den første fullstendige bibelomsetjinga til nynorsk, Bibelen eller Den heilage skrifti: Dei kanoniske bøkerne i Det gamle og Det nye testamentet, kom ut i 1921. Utgåva gjekk som oftast under namnet «Fyrebilsbibelen». Det mellombelse i nemninga er berre eitt av fleire påfallande trekk ved utgåva. Eit anna er ut­gjevaren: «Utgjeven av bibelnemndi aat Studentmaallaget i Oslo», står det på tittelsida, ikkje «Det norske Bibelselskabs Forlag», som ventande var. Eit tredje er arbeidsmåten. «Fyrebilsbibelen» var eit stort dugnadsprosjekt med heile tjue ulike teologar og lekfolk som omsetjarar.

Kvifor vart det slik? Kva var bakgrunnen for omsetjinga? Korleis vart ho til? Kva karakteriserer bibelutgåva? Korleis vart ho motteken, og kva har ho hatt å seie? Dette er spørsmål som forfattarane undersøker i denne boka, skriven til hundreårsjubileet for utgjevinga. Per Halse og Anders Aschim har begge drive omfattande forsking om framveksten av nynorsk kyrkjeleg skriftkultur, og dei har publisert resultata både i vitskapleg og populær form.

Anders Aschim er professor i religion, livssyn og etikk ved Høgskolen i Innlandet, Hamar. Han har òg vore bibelomsetjar for Det Norske Bibel­selskap og professor ved Høgskulen i Volda. Aschim har mellom anna publi­sert bøkene Ein betre vår ein gong: Elias Blix (2008) og Bibelen 3.0: Bak Bibel 2011 (2013).

Per Halse er professor i KRLE (Kristendom, religion, livssyn og etikk) ved Høgskulen i Volda, der han òg har vore rektor. Halse har mellom anna publi­sert bøkene Gudsord og folkespråk: Då nynorsk vart kyrkjemål (2011) og Peter Hognestad: Språkstrid og heilag fred (2016).

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.580 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Den fyrste bibelen paa norsk”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *