Desse mine minste…

Ivar Mork

kr390.00

1 på lager

SKU: 12569 Kategoriar: ,

Omtale

Eit bestialsk drap er opptakten til denne romanen. Korkje offer eller drapsmann, tid eller stad er identifiserte. Det er ei gåte mellom fleire gåter i denne forteljinga.

For meir enn to hundreår sidan vert ei lita fjordbygd på Nordvestlandet råka av ei katastrofe. Ei snøfonn sopar med seg eit heilt båtlag på veg til kyrkjes. Fasttømra maktstrukturar og sosiale roller vert med eitt slag brotne opp. Dei etterlatne lyt finne sine eigne vegar ut av samanbrotet. Dei strevar med å finne ei meining med Gud sin dødsdom over ei heil ætt, alt medan Djevelen og dei underjordiske luskar kring novene.

Iheltagde og skamlagde hendingar frå fortida let seg ikkje lenger dylje. Samtalar, tankar og draumar driv handlinga fram. Det er kvinnene som må ta tak der mennene sviktar. 10-årige Rakel overlever ulukka som ved eit mirakel, men mistar mest heile ætta si.

Romanen er ein fiksjon, men byggjer på faktiske hendingar – og hentar elles tilfang frå forteljartradisjon, uløyste gåter, segner og folketru i forfattaren sine heimtrakter.

Fonna er fyrste boka frå dette universet.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.560 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Desse mine minste…”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *