Drikkeviser frå Paris

Anna Kleiva

kr244.00

6 på lager

SKU: 11392 Kategoriar: ,

Omtale

I eit støvete, gloheitt Paris kjem ein grisunge trippande. På ryggen ber han ein skrønemakar, felespelar, rømling. Diktsamlinga “Drikkeviser frå Paris” er ein ravande runddans i eit Paris du ikkje kjenner frå før. Her bur ei bestemor som byr på opiumsmakronar, den småkriminelle Didier og ein bitter, gammal fjøsnisse frå moderlandet.

Draumesekvensar og litterære referansar glir saman i ei fandenivoldsk røre av folklore og ljug. Dei brennevinsstinkande kneipene glimtar av salt kjærleik og svinsk fest; halvfulle pastisflasker, gapande metromunningar, ustyrlege eventyr og den gamle angsten. Det er bygdafest i forstadene, og mørk vandring i verda under gatene der knoklane finst.

Ei utvisking av grenser gir dikta ei særeigen, rykkande kraft – dei utfordrar grensene mellom å føle og ikkje føle forplikting, mellom lavstil og høgstil, dyr og folk, fantasi og verkelegheit, tekst og intertekst, kropp og by, bygde-Noreg og Paris.

“Drikkeviser frå Paris” er ei svimmel og frodig diktsamling om stole gull og glovarmt begjær, om lausriving og uro, om å gi slepp, dikte seg ut, rulle seg i søla.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.122 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Drikkeviser frå Paris”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *