Eit hjarte til jul

Line Dybedal

kr288.00

2 på lager

SKU: 12857 Kategoriar: ,

Omtale

Magi i juletreskogen

Mammaen til Nora ligg på sjukehuset. Ho treng eit nytt hjarte for å bli frisk. Nora vil så gjerne at mamma skal bli som før. Men kva om mamma blir heilt annleis med eit nytt hjarte? Tenk om ho ikkje vil kjenne Nora att? Det synest ho er skummelt å tenke på.
Då er det godt å ha ei farmor som veit om ein magisk juletreskog. Saman med farmor og pappa finn Nora det perfekte juletreet, og over himmelen fer det eit stjerneskot. Kanskje Nora sitt ønske om at mamma skal bli frisk går i oppfylling òg?

Eit hjarte til jul er ei historie om dei vonde tankane som kan oppstå når nokon ein er glad i er alvorleg sjuk. Samstundes er det ei varm forteljing om å finne trøyst og tryggleik, og om aldri å gi opp håpet.

Line Dybedal (1988) er lÃ¥tskrivar og musikar frÃ¥ Nordfjord. Ho har komponert musikken til NRK Super-serien “Bli med heim” og gitt ut to soloalbum. Eit hjarte til jul er debutboka hennar.

Line Renslebråten (1980) er forfattar og illustratør busett i Asker. Ho har mellom anna skrive og illustrert Under polarisen og Virkelighetens monstre, samt illustrert den brageprisnominerte Blåhvalen.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.414 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Eit hjarte til jul”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *