Eit liv i fargar

Skjalg Longva

kr284.00

1 på lager

SKU: 13066 Kategoriar: , ,

Omtale

Reidar Lødemel (1922-2009) synte tidleg interesse for målarkunsten. Med løemåling som vart til overs og penslar av hønsefjør måla han sine første bilete. Tidleg i ungdommen fekk han rettleiing av Karl Straume og som nittenåring av Oddvard Straume. I 1945 gjekk han målarskule hos Bernt Tunold, og i 1947 var han elev ved Bjarne Engebret sin målarskule i Oslo. Av Arne Kinsarvik i Volda lærte han rosemåling.

Reidar Lødemel vart aldri kunstmålar på fulltid. Han arbeidde først nesten tjue år i industrien før han i 1967 vart tilsett som lærar i formingsfag ved Møre Folkehøgskule. Der var han til han gjekk av for aldersgrensa i 1988. Som pensjonist sleit han med helsa og fekk heller ikkje då måle så mykje som han ville.

Han måla helst i nærmiljøet. Men vart inspirert også av arktisk natur i Neiden og Pasvikdalen. Og fann praktfulle gatemiljø i Oslo og Bergen. Han hadde ein stor produksjon, og noko av denne kunsten vert vist i denne boka.

Reidar Lødemel tom med seg staffeliet på trøsykkel, på motorsykkel eller i bilen. Han ville møte motivet direkte, som han sa. Det hende at kona Borghild (1926-2021) var med Reidar på motorsykkelen.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.707 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Eit liv i fargar”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *