Enno var dei kroppar

Marit O. Kaldhol

kr375.00

6 på lager

SKU: 13081 Kategoriar: ,

Omtale

Alle forteljingane i Marit O Kaldhols nye novellesamling enno var dei kroppar tek utgangspunkt i små og store hendingar i verda, ikkje minst nyheitssaker om menneske på flukt.

Rapportar om mangel på vatn, avskoging, etnisk utreinsking og konkrete følgjer for menneska som blir ramma, er dikta inn.

Ei kvinne finn ein baby forlaten i ein park, ein skog blir invadert, ei bestemor med to barnebarn ser fram mot å krysse ei landegrense.

Bakteppet for desse forteljingane er klimakrise, politiske konfliktar, sosiale og økonomiske ulikskapar. Mange av desse menneska lever under harde kår. Nokre er komne fram dit dei skal, andre kjem ikkje vidare. Gjennom brutalitet og svik, men òg med omsorg og strimer av håp, blir vi vitne til korleis livet fortonar seg for millionar av menneske verda over.

Marit O Kaldhol (f. 1955) debuterte i 1983 med diktsamlinga Lattermilde laken og har skrive bøker i dei fleste sjangrar for både vaksne, barn og unge. Ho har mottatt fleire prisar.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.225 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Enno var dei kroppar”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *