Fagert er landet – Dikt – Illustrert av Karl

Anders Hovden

kr263.00

43 på lager

SKU: 3313 Kategoriar: , ,

Omtale

Alle kjenner Fagert er landet, nasjonalsalmen som Anders Hovden skreiv ein vinterkveld i Krødsherad i 1907. Liv og dikting hent tett saman hos denne folkekjære presten. Sjølv sette han salmane høgast: «Der vil de finna heile mannen,» skreiv han i forordet til sjølvbiografien «Attersyn».

Han har nok fått rett i at det er som salmediktar han står sterkast i ettertida. Men han skreiv så mykje meir; han gav ut meir enn førti bøker, vers og prosa. Han var alltid nært knytt til det heimlege Sunnmøre. Både i salmar og andre dikt hentar han ofte bilete frå havet og kysten der vest. Mange av dikta hans har vorte populære songar, gjerne høgstemde, men likevel livsfriske og kvardagsnære. I Nynorsk salmebok, som han var med og redigerte, står over to hundre originale og omsette tekstar av Anders Hovden. Men også i mykje brukte songbøker finst det meir av Hovden enn av Bjørnson og Aasen!

Frå den mangslungne lyriske forfattarskapen til Anders Hovden gir denne boka eit rikt utval. Her er dikta ordna kronologisk, slik at vi kan følgje diktinga som eit akkompagnement til hans eige liv. Her er mykje å finne av kjende og kjære dikt. Men også mykje som dei færraste kjenner.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.850 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Fagert er landet – Dikt – Illustrert av Karl”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *