Farlege språk

Ottar Grepstad

kr399.00

3 på lager

Omtale

HISTORISK LESEBOK OM SPRÅKKONFLIKTAR

Ei tenåringsjente i Soweto såg politiet drepe fredelege studentar som avviste koloniseringsspråket afrikaans. Ein prest i Cornwall hang tre år i sitt eige kyrkjetårn fordi han støtta eit språkopprør mot den engelske kyrkja. Ein dansk konge innførte eit prinsipp som blei grunnlaget for norsk språkpolitikk.

Farlege språk er ei historisk lesebok om korleis språkkonfliktar oppstår, kor farlege dei kan vere, og korleis dei kan løysast. Ottar Grepstad møter augevitne på fleire kontinent, les bortgøymde dokument på ny og fortel andre historier enn dei vanlege om store konfliktar i verdshistoria. Forfattaren utviklar ei ny forståing av identitetspolitikk, diskuterer problemet mangfald og viser korleis retten til å bruke eige språk handlar om makt, demokrati og respekt for mindretal.

Boka opnar med den enkle tanken at språkstrid har vore med og lært nordmenn å løyse kulturelle konfliktar utan vald. Når boka sluttar, har både forfattaren og lesarane fått mykje å tenkje på. Ei slik bok har aldri vore skriven på norsk før. Neppe på noko anna språk heller.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.478 kg
Innbinding

Aldersnivå

Vaksen

Forlag

Dreyers forlag

Språk

Nynorsk

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Farlege språk”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *