Felemakaren

Edvard Hoem

kr200.00

1 på lager

SKU: 13088 Kategoriar: ,

Omtale

I romanen “Felemakaren” tar Edvard Hoem utgangspunkt i eit dystert familieminne som ogsÃ¥ er omtalt i romanen “Heimlandet barndom” (1985): Ei ung tenestejente som skal ha barn med Pe, bror til Lars Olsen, som er hovudperson i romanen, blir borte ein kveld, og bygda gÃ¥r manngard i ei veke utan Ã¥ finne henne. Pe blir mistenkt for drapet, og sÃ¥ frifunnen av retten, men ikkje av folkesnakket og ikkje av Lars. Brørne snakkar ikkje til kvarandre pÃ¥ meir enn femti Ã¥r.

Lars drøymer om å bli skipper på eiga skute, men krigen og samfunnstilstanden stenger alle utvegar for han. Han blir utskriven til å vera med i slaget på Københavns Red i 1801, og sidan er han krigsfange på eit britisk fangeskip i fem år. Under dette miserable opphaldet møter han ein franskmann som lærer han å bygge fiolinar.
Dermed snur alt. Da han endeleg kjem heim igjen, slår han seg ned som felemakar i Kristiansund, der han lever eit lykkeleg liv i 25 år, med kona Gunnhild og sju døtrer.

“Felemakaren” er romanen om korleis alt blir annleis enn tenkt, om ulykke og broderstrid, men der livet likevel til slutt framstÃ¥r som ei ufortent gÃ¥ve.

Felemakar Lars Olsen Hoem var født i Romsdal i 1782. Han var grandonkel til Serianna, som vart gift med Knut Hansen Nesje, slåttekaren i Hoems slektskrønike.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.270 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Felemakaren”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *