Floke 3 – Verdas ende

Ida Eva Neverdahl

kr288.00

1 på lager

SKU: 13164 Kategoriar: ,

Omtale

Siste bok i soga om Floke.

Floke er ein annleis vikinghelt, ein fredeleg fyr i ei vill vikingverd. Ein dag får han eit viktig oppdrag: Han skal redde verda frå ragnarok. Men for å gjere det må han legge ut på ei lang reise. I denne siste delen av soga kjem Floke og venene endeleg fram til Åsgard, heimen til gudane. Der møter dei mellom andre Odin, men sjølv ikkje han trur på at verda skal gå under. Floke må ta saka i eigne hender, men korleis skal ein godlynt liten sprett hindre den store undergangen?

I «Floke 3. Verdas ende» avsluttar teikneserieskapar Ida Eva Neverdahl den elleville og fantastiske forteljinga om Floke Skrufson. Som i dei to føregåande bøkene leikar ho seg med klassisk norrøn mytologi og stereotype vikingklisjear. Bok 3 byr på absurde situasjonar, humoristiske karakterar og ei overraskande vending mot slutten.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.500 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Floke 3 – Verdas ende”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Kan hende du likar…