Forvandlinga og andre forteljngar

Franz Kafka

kr218.00

1 på lager

SKU: 11566 Kategoriar: , Tag:

Omtale

DÃ¥ Gregor Samsa vakna i senga si ein morgon av urolege draumar var han forvandla til eit uhyrleg kryp.

Franz Kafkas Forvandlinga og andre forteljngar i nyomsetjing av Jon Fosse er starten på ein ny klassikarserie med verdslitteraturens viktigaste verk i ny nynorsk språkdrakt.

Franz Kafka (1883–1924) vert sett på som ein av dei mest vesentlege forfattarane på 1900-talet. Verka hans er ein uomgjengeleg del av verdslitteraturen sin kanon. I dag er Kafka den mest lesne tyskspråklege forfattaren i verda.

Kafka sin langnovelle Forvandlinga (1915) vert sett på som eit av dei mest nyskapande skjønnlitterære verk i det 20. århundre. Forteljinga har blitt dramatisert, filmatisert, omarbeidd, sitert frå og referert til. Novella er den lengste ferdigskrivne teksten Kafka har gitt ut i si levetid.

Novella handlar om den handelsreisande Gregor Samsa som åleine må forsørge familien. Ein dag vaknar han og har blitt til eit insekt. Innesperra i rommet sitt vert han meir og meir isolert og den først ganske så omsorgsfulle systera vender seg etter kvart også frå han, før han til slutt, forbanna og einsam, sovnar inn.

Den nye utgivinga inneheld i tillegg til Forvandlinga fire av dei mest kjende forteljingane til Kafka, og dei Jon Fosse tykkjer mest om: Dommen, Ein landsens lækjar, Framfor lova og Ein draum. Forteljingane vart i 1920 utgjevne av Kafka sjølv i samlinga Ein Landarzt.

SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.170 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Forvandlinga og andre forteljngar”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *