Grå hoppe

Eli Fossdal Vaage

kr332.00

Levering 3-7 arbeidsdagar

SKU: 13196 Kategoriar: ,

Omtale

«Dagen før ho fór, kom ei svarttrast og sette seg på gjerdestolpen då eg var på veg ut grinda, ho sette seg unaturleg nær og blei der, lenge, såg på meg med plirande, svarte augo, før ho etter kvart fauk sin veg. Eg forstod sjølvsagt at ho ville meg noko, og kva det var, eg sa, Nei, ikkje enno, det kan ikkje stemme, nei, det kunne vel ikkje vera rett?
– Du må ha komme for tidleg, sa eg til fuglen, du må ha teke feil. Eg hadde studert meir enn nok litteraturvitskap til å forstå kva beskjeden innebar, og som om ikkje det heldt, hadde eg lese rikelege mengder poesi. Svart trast, død, fjør etc. Lyden av vengjer som letta i eit elles tomt rom. Fuglane hadde lenge hatt det med å komma med bod til meg, slo det meg etterpå, og eg hadde like lenge hatt det med å ignorera kva det enn var dei kom seglande gjennom lufta for å fortelja.»

Ein mann vert kontakta av sin avlidne ven hunden. Ein litteraturprofessor har slutta å lese. Eit ungt par kjem heim frå sjukehuset med den nyfødde babyen sin, og anar ikkje kva det no er meininga dei skal gjere. Ei kvinne greier ikkje følgje med på det sambuaren seier, fordi ho er for oppslukt med å vurdere teksturen av dei ulike møblane deira mot naken hud.

Med humor og alvor skriv Vaage tekstar om nære relasjonar, kjærleik og seksualitet, om menneske på randen av ørsmå eller kolossale innsikter, som slit like mykje med å leve som å dø.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.230 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Grå hoppe”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *