Granittgutta – TikTok-banden

Svein-Jarle Åbrekk

kr218.00

5 på lager

SKU: 13674 Kategoriar: ,

Omtale

Han sprang mot skrenten.
Rett ved eit halvstort bjørketre låg rullestolen til kameraten.
Stolen var tom.
«KRISTOFFER!»
Eit lite grynt kom frå avgrunnen.
Frank la seg ned på bakken og kikka utfor. Han frykta for synet som ville møte han. Men kvalmen stilna, og hjernen byrja å få litt meir kontroll over situasjonen: Ein halvmeter under kanten såg Frank kameraten tvihalde i ei rot frå bjørka.
«Hald fast!»

Kameratane Frank og Kristoffer bur i Granittvegen og går i same klasse. Dei må starte ferien med å vera med faren til Frank på ein konferanse og reknar med at det blir ganske kjedeleg. Men så forsvinn ein ring frå ei vikingutstilling på hotellet. Når det dukkar opp spor på ein mystisk TikTok-konto, kastar Granittgutta seg over mysteriet. Svein Jarle Åbrekk er lærar og forfattar. Dette er den andre bok hans om Granittgutta. Boka er illustert av Trond Kulterud. Boka høver for 9 – 12-åringar.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.380 kg
Innbinding

Aldersnivå

10–12, Ungdom

Forlag

Fonna forlag

Språk

Nynorsk

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Granittgutta – TikTok-banden”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *