Sal!

Han, solo (Robin Van de Walle)

kr349.00

Levering 3-7 arbeidsdagar

SKU: 13224 Kategoriar: ,

Omtale

Han, solo er ei forteljing om kjærleik, identitet og tilhøyrsel. Robin er 26 år og nett blitt forlaten av mannen han trudde var den eine. Den plutselege kjærleikssorga opnar for ei erkjenningsreise av dei sjeldne; ei gransking av eige liv og bakgrunn som skeiv utlending i Noreg.

I denne sjangerutfordrande debutromanen blandast det høge og det låge på uanstrengt vis; Star Wars og Titanic, verdsrommet og havbotnen, språkfilosofi og tilfeldig sex. Men mest av alt handlar det om dei ulike formene for einsemd som kan gå som ein raud tråd gjennom livet – og om den evige leitinga etter ein heim.

Eg blei ikkje fødd som eit einsamt menneske. Noko må ha skjedd. Hòlet i meg var ikkje medfødd, eg må ha fått det på eit bestemt tidspunkt i livet. Når, lurer eg på. Kva dag, i kva år, på kva klokkeslett?

For lenge sidan, i ein galakse langt, langt borte …

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.350 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Han, solo (Robin Van de Walle)”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *