Hauge, Olav H.: Dikt i samling (hefta)

kr149.00

2 på lager

SKU: 3079 Kategoriar: ,

Omtale

Gartnaren frå Ulvik kalla seg gjerne sjølv «ein vanleg arbeidsmann». I norsk bokheim blei han ein uvanleg arbeidar, ruvande som arvtakar og som nydyrkar. Frå heimen på Rosvoll skaffa han seg vidt utsyn og store kunnskapar. Han gav ut fleire samlingar med gjendiktingar av engelsk, fransk og tysk lyrikk. Hans eigne dikt har også nådd langt ut i verda, og gjendiktingane er komne på eit kvart hundre språk. Olav H. Hauge var både klassisist og modernist; han kjende og brukte mange strofeformer og poetiske verkemiddel. Nettopp den veldige spennvidda mellom korthogne strofer og formfullenda sonettar har hatt ein eineståande appell på tvers av generasjonane.

Uvanleg mange av dikta til denne folkekjære lyrikaren er blitt reine «sviskene», men det syner seg at dei toler slitasjen. I denne samleutgåva finn du dei alle, både dei lange balladane og vakre sonettane og dei korthogne haiku- og tingdikta.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.31 kg

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Hauge, Olav H.: Dikt i samling (hefta)”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *