Sal!

I den klare lufta (Thomas A. Clark)

kr50.00

2 på lager

SKU: 3620 Kategoriar: ,

Omtale

Thomas A. Clark er frå Skottland og er ein framståande figur i nyare engelsk poesi.  Han er fødd i 1944 i Greenock og bur no i fiskarlandsbyen Pittenween i Fife.  Han debuterte med Some Particulars utgitt av The Jargon Society i 1971 og har gitt ut fleire diktbøker og ei rekkje små dikthefte og kort med dikt.  Clark har òg vore oppteken av å utvida grensene for poesien gjennom installasjonar tilpassa ulike stader som galleri, forskjellige offentlege rom eller i landskapet.  Bl.a. har han vist slike verk i Camden Arts Centre i London, Musee d´Arte Moderne i Paris, Centro Culturale de Belem i Lisboa og på Cotswold Way i Gloucestershire.  Frå 1986 til 2002 dreiv han Cairn Gallery i Nailsworth i Gloucestershire saman med kunstnaren Laurie Clark.  Dette var eitt av dei mest respekterte av dei små galleria i samtida, og her blei det vist minimalistisk kunst, konseptkunst og landskapskunst.

Dikta til Clark står i den radikale romantiske tradisjonen i engelsk poesi og har modernismen som formelt utgangspunkt.  Samtidig er innverknaden frå diktarar knytte til zenbuddhismen openberr i denne forfattarskapen.  Vidare spring Clarks dikting ut av ei sterk oppleving av vår aktuelle trong til å nærma oss og ta vare på den naturen som er føresetnaden for menneskelivet.

Thomas A. Clarks utgivingar omfattar elles A Still Life (The Jargon Society, North Carolina 1977), Madder Lake (Coach House Press, Toronto, 1981), The Tempers of Hazard (saman med Barry MacSweeney og Chris Torrance, Paladin, London 1993), Tormentil & Bleached Bones (Polygon, Edinburgh 1993), One Hundred Scottish Places (October, Eindhoven 1999), Distance & Proximity (Pocketbooks, Edinburgh 2000), The Path to the Sea (Arc, Todmorden 2005) og ei rekkje hefte og kort med dikt frå hans eige forlag Moschatel Press.

Per Olav Kaldestad har gitt ut ei rekkje diktbøker for vaksne og born etter debuten i 1973. Han har òg gitt ut bøker med gjendiktingar av bl.a. D.H. Lawrence, W.H. Auden og William Shakespeare og var medredaktør av Poetisk modernisme (Samlaget, 1995).

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.200 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “I den klare lufta (Thomas A. Clark)”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *