Sal!

I ungdommen

Olav Duun

kr139.00

6 på lager

SKU: 13640 Kategoriar: ,

Omtale

Romanserien Juvikfolket kom ut i seks band i åra 1918-1923. Den følger slekta frå Juvika frå ei mytisk og ubestemmeleg fortid, og fram til det som var samtid då verket kom ut. Vi møter juvikingane i kvardag og helg, uår og godt år, barnsøl og gravøl, på fiske og i arbeid med jord og dyr.

I ungdommen skildrar hovudpersonen Odin Setran og søskenbarnet Astri Håberg sine mest formative år. Dei har store forventingar til seg sjølve, men enda større er forventingane frå slekta. For dei unge er det vanskeleg er å vite om dei vil, bør eller i det heile tatt kan oppfylle dei.

Det femte bandet av Juvikfolket inneheld alt som høyrer ungdomstida til: kjærleik, erotikk, såre kjensler, trekantdrama, venskap, uvenskap, rivalisering, forventingar, tradisjonar og trass. Samla sett står bandet fram som ei ærleg og detaljrik og i same stund varm og varsam skildring av ungdom som prøver så godt dei kan.

Med Juvikfolket fekk Olav Duun sitt store gjennombrot. Her føreligg femte bandet, som har 100-årsjubileum i 2022.Etterord ved Elin Stengrundet.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.396 kg
Innbinding

Aldersnivå

Vaksen

Forlag

Vidarforlaget

Språk

Nynorsk

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “I ungdommen”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *