Is-slottet (Tarjei Vesaas)

kr199.00

1 på lager

SKU: 12240 Kategoriar: ,

Omtale

Is-slottet (1963) er ein roman som representerer Vesaas på høgda av den skapande krafta. Boka fortel om venskapen mellom to jenter i gryande pubertetsalder, Siss og Unn.

Unn går for langt inn i den frosne fossen, og Siss kjempar ein lang vinter mot frosten i sitt eige sinn. Jentene opplever først at det blir knytt band mellom dei på eit vis dei ikkje kan forklare. Dei er to av ei og ei i to.

Dette er ein roman om vaknande kjensler, om å vere åleine og framand i verda, om å vere barn og stå på terskelen til eit vakse medvit, og om det mørke grenselandet i sinnet der mange slags krefter, draumar og drifter strir om makta.

For Is-slottet fekk Tarjei Vesaas – som første norske forfattar – Nordisk råds litteraturpris i 1964.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.112 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Is-slottet (Tarjei Vesaas)”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *