Sal!

Jenny Fender

Heidi Marie Vestrheim

kr262.00

1 på lager

SKU: 13467 Kategoriar: ,

Omtale

Bandet er kaputt, ferien er kaputt, livet er kaputt. Signe er borte, og Jenny Fender er aleine igjen i bygda. Det er nesten så ho blir heilt deprimert.

Dessutan er den nye naboen kjempeirriterande, med rocka sveis og trommesett i kjellaren. Ho spradar rundt med det skeive smilet sitt og gjer Jenny heilt svimmel.

Dette blir verdas VERSTE sommar … eller?

Heidi Marie Vestrheim debuterer som forfattar med ei barnebok full av sjarm og energi. Jenny Fender handlar om alt virvaret ein kan oppleve i overgangen mellom barndom og ungdom. Dette er ei forteljing om vennskap, rock og kjærleik.

«Det luktar sukkerspinn, skyllemiddel og salt fjord når Heidi Marie Vestrheim debuterer med ei sjarmerande oppvekstskildring frå siderlandet. […] «Jenny Fender» er ei glad og god sommarbok med klassiske kvalitetar.»
Bergens Tidende

«Livet går i grus for Jenny Fender på ein måte vi ikkje har sett i ei norsk barnebok sidan Lena Lid flytta frå Trille i Maria Parr si «Vaffelhjarte».»
Bergens Tidende

«Boka høver godt for born i alderen 9–14 som er interesserte i rockemusikk og venskap og ikkje altfor opptekne av My Little Pony og duftlys. »
nynorskbok.no

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.295 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Jenny Fender”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *