Klippfiskboka – maten og historia

Karsten Alnæs, Atle Døssland, Bjørn Gunnar Tafjord

kr322.00

Tomt

Omtale

Klippfiskboka tek deg med på ei spanande historisk og kulinarisk reise. I den første delen får vi servert klippfiskens kulturhistorie. Om korleis salta og tørka torsk gjennom hundreåra har vorte ein delikatesse for så mange, spesielt katolikkar som kunne ete fisk i fastetida. Tidleg ute med klippfisk var portugisarane. Først på 1700-talet tok ein til med klippfiskproduksjon i Noreg, og då på Nordmøre. Kristiansund vart klippfiskhovud.staden, ei rolle Ålesund tok over midt på 1900-talet. I våre dagar er Noreg verdas største klippfiskprodusent, og 80 % av eksporten går til Portugal. I den andre delen av boka får lesarane servert klippfisk, både i form av gode oppskrifter, lekre bilete og i ei lita lærebok om sjølve matlaginga. Oppskriftene kjem frå fem land: Noreg, Portugal, Spania, Den dominikanske republikk og Brasil. Boka er utgjeven i samarbeid med Høgskulen i Volda.

Tilleggsinformasjon

Vekt 1.000 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Klippfiskboka – maten og historia”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *