Klok kvinne eller digg dame?

Kristin Fridtun

kr349.00

Levering 3-7 arbeidsdagar

SKU: 13451 Kategoriar: ,

Omtale

Eit feministisk djupdykk i Håvamål.

Eddadiktet Håvamål har vore folkelesnad i mange generasjonar. Dei fleste av oss les diktet i omsett form, men kven er det som står bak omsetjingane? Og kor frie har omsetjarane tillate seg å vera, til dømes i framstillinga av kvinnefigurar?

Forfattar og norrønfilolog Kristin Fridtun er ein ihuga lesar av eddadikta. For nokre år sidan la ho merke til at den kvinnelege Håvamål-figuren Billings møy var framstilt litt annleis i norske omsetjingar enn i den norrøne grunnteksten. Var ikkje møya vorten litt penare i dei norske utgåvene? Og litt dummare? Fridtun tok til å saumfara utgåver på andre språk. Då dukka fleire spørsmål opp. Kvifor er det nesten berre menn som har omsett eddadikt til skandinavisk? Kvifor er Billings møy naken i illustrasjonane? Og kva veit vi eigentleg om henne?

Dette er ei lita bok om tre store tema: kjønn, omsetjing og norrøn litteratur. Fridtun tek oss med inn i originalteksten – her kjem vi sÃ¥ tett pÃ¥ ei HÃ¥vamÃ¥l-strofe som vi aldri før har vore. Ho viser oss kva omsetjarane har Ã¥ baksa med, samanliknar løysingane deira og diskuterer vala dei har gjort. I sentrum for det heile stÃ¥r Billings møy, ein lite kjend kvinnefigur som no vert lyft fram i lyset.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.230 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Klok kvinne eller digg dame?”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *