Krigshistorier

Øystein Orten

kr375.00

Tomt

SKU: 12574 Kategoriar: ,

Omtale

Det er natt til 9. april 1940. Ved befalsskulen førebur elevane seg til eksamen i feltarbeid. SÃ¥ gÃ¥r alarmen. Seinare blir to systrer sende ut i natta for Ã¥ levere ein tung beskjed. Elleve ungdomar stel ein fiskebÃ¥t og set kursen vestover. Tilbake sit ein ung mann i arresten og ventar pÃ¥ Ã¥ bli skoten. Snart ber ein hybelvert den unge gymnasiasten Abraham om Ã¥ reise før det er for seint. Samtidig som ein russisk fange byter dei vakraste gjenstandar mot ullestar og brød. Til slutt pakkar ein einsleg tysk soldat sekken før han kler av seg og marsjerer mot havet. DÃ¥ har allereie vesle Isak flykta mot grensa til Sverige. Men kjem han fram? For kven kan ein eigentleg stole pÃ¥? Kven er ven – og kven er fiende? Personane i desse novellene lever i skuggen av dei store hendingane under krigen. Gjennom kronologiske glimt vert brutale krigsscener sÃ¥ vel som daglegdagse bekymringar framstilte nært og levande. Vanlege menneske vert stilt overfor vanskelege val og dilemma. Historiene tematiserer krigens desperate kjensle av usikker framtid, om ein er soldat, flyktning, student, arbeidar – eller berre eit barn.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.279 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Krigshistorier”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *