Omtale
VINNAR AV P2-LYTTARANES ROMANPRIS!
Heime gjer Isak alt for at mora skal halde ut. For mora treng kvile. Ho er avhengig av han, og tvingar han til å skulke skulen.
På andre sida av skogen ligg nabogarden, og ein framand mann har flytta inn. Gradvis utviklar mannen og guten eit slags taust vennskap. Mannen gir guten tyggis eller kjeks.
Naboen har også ein kjærast med langt, lyst hår. Og dei inviterer Isak med på grilling og bading. Kan dei bli ein ny familie for Isak? Vil dei det?
Kvar dag skal vi vere så modige handlar om dei som har det vanskeleg, om dei vi overser. Men også om dei som plutseleg bryr seg.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.