Kvil i fred

Peter F. Strassegger

kr288.00

1 på lager

SKU: 13361 Kategoriar: ,

Omtale

Per og kameraten Oskar går i tiande klasse og stel øl, taggar og slåst. Heime slit Per og faren med sorga etter at mora døydde. Kvifor klarar dei ikkje å snakka om det som har skjedd? Og kvifor er Per sint på faren? Per og Oskar røyker hasj og køyrer bil ulovleg. Så ein dag blir dei tekne av politiet, som ber dei om å ta eit oppgjer med det livet dei har levd til no. Men Per er ikkje klar for å leggja alt bak seg enno. Han må ta eit anna oppgjer først. Eit oppgjer som han kanskje vil angra på. Men han må. Noko driv han, han får ikkje fred. Kven er det som ikkje kviler i fred?

Peter F. Strassegger blei nominert til Nordisk råds litteraturpris og Uprisen for sin førre ungdomsroman, Aleksander den store. Den nye romanen hans tek utgangspunkt i same tematikk og landskap: gutar som fell utanfor i ei lita vestlandsk bygd. Kan ein forstå utagerende åtferd hos ungdom på ein annan måte enn gjennom fordømming?

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.245 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Kvil i fred”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *