Lenz

Georg Buchner

kr200.00

5 på lager

SKU: 12237 Kategoriar: , Tag:

Omtale

Georg Büchner skreiv forteljinga Lenz to år før han døydde, men ho blei først gitt ut posthumt i 1839. Teksten er basert på dagbøkene til presten Johann Friedrich Oberlin frå vinteren 1778. Då hadde forfattaren Jakob Michael Reinhold Lenz søkt tilflukt hos han, forvirra og på veg inn i galskapen. Büchner kjende seg igjen i Lenz og skreiv ei skildring som både i form og innhald staka ut ein ny veg for litteraturen: innover i menneskesinnet, utan blikk for konvensjonar og moralske fordommar.

Hovudsaka for Büchner var innleving i andre menneske, og gjerne dei som fall utanfor samfunnet. Hovudpersonen i Lenz kjenner seg trengt opp i eit hjørne. Galskapen blir den yttarste konsekvensen av det mislykka og umoglege opprøret mot samtidas konvensjonar. Lenz er såleis rekna som ein av dei første tekstane i den moderne litteraturen.

SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.200 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Lenz”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *