Liv andre har levd

Edvard Hoem

kr349.00

2 på lager

SKU: 11879 Kategoriar: ,

Omtale

Eilert Knudtson, som har farma på Alberta-prærien i meir enn tjue år, er komen til Norge for å treffe søskena sine igjen, og for å meistre sorga og saknet etter at kona Martha døde frå han, og dei åtte barna deira. Året er 1927, og det er trettifire år sidan han sist såg søskena sine. Seksten år gamle Lars Hoem, son av Anton Edvard, vil bli med onkelen tilbake til Canada. Han seier han må vekk fordi det er ein stein som skygger for sola der han er no. Lars Hoems liv i Canada blir ein mørk tråd som fører fram mot dei harde trettiåra.

Eilert gÃ¥r inn i ein langvarig kamp for Ã¥ overleva som farmar. Da han ikkje kan betale for tilleggsjord som han kjøpte tidleg pÃ¥ tjuetalet, tar styresmaktene jordseksjonane frÃ¥ han og tvingar han til Ã¥ bli leiglending. I 1930 gifter Eilert seg med enka Kate Ness. Barna til Eilert blir vaksne og forsvinn frÃ¥ heimen. Den aldrande mannen kjempar mot tørke, haglstormar, grashopper og fallande prisar – for Ã¥ vinne tilbake det han har tapt. «Liv andre har levd» er ein sanseleg familiekrønike med uforgløymelege hovudpersonar. Edvard Hoems nye roman stiller det fundamentale spørsmÃ¥let: Kor mykje bestemmer eit menneske si livsreise med eigen innsats, og kor mykje blir avgjort av krefter som vi ikkje kan gjera noko med?

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.660 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Liv andre har levd”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *