Liv Signe Navarsete – Eg veit kva eg snakkar om!

Jens Kihl

kr375.00

14 på lager

SKU: 13266 Kategoriar: , ,

Omtale

Tidlegare Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete opnar opp om store gjennomslag og bitre nederlag. Og om forholdet til Oslo-eliten og møta med maktarroganse og ufine mannfolk.

Du hugsar kanskje den grisete tekstmeldinga ho fekk av partifellane, eller kritikken ho møtte etter å ha skjelt ut ein sjukehusaktivist? Tidlegare senterpartileiar Liv Signe Navarsete frå Sogn er van med hardt vêr. Før ho kom inn i rikspolitikken, hadde ho vore gjennom fødselspsykose, blitt enke og hatt eineansvar for eit småbruk. Men om bagasjen var tung, inneheldt han også verdiar Navarsete visste kor viktig det var å slåst for.

Og slåst, det har ho gjort. Boka tek oss med på innsida av store gjennomslag og bitre nederlag. Til venskap og vonde personkampar, til bakrom og hotellrom. Til Statsministerens kontor – og heim til Sogn, dit ho også drog då ho vart langtidssjukemeld med PTSD i 2015. Historia om toppolitikaren Liv Signe Navarsete kunne ha enda der. I staden kom ho tilbake og gjorde det beste stortingsvalet nokon senterpartipolitikar har gjort. Korleis var det mogeleg?

«Eg veit kva eg snakkar om!» gir ikkje berre eit viktig innsyn i ein distriktspolitikars forhold til Oslo-eliten og korleis Navarsete nesten gjekk ut av regjering fordi ho ville redde sjukehuset på Nordfjordeid. Biografien gir også eit unikt innblikk i ein kvinneleg politikars møte med maktarroganse og ufine mannfolk.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.730 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Liv Signe Navarsete – Eg veit kva eg snakkar om!”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *