Madame Bovary frå livet i provinsen

Gustave Flaubert

kr262.00

2 på lager

SKU: 11838 Kategoriar: , Tag:

Omtale

Bak kvart smil skjulte det seg ein gjesp av keisemd, kvar glede skjulte ei forbanning, kvar nyting ein avsmak, og dei beste kyssa etterlét berre eit håplaust begjær etter ei høgare vellyst på leppene.

«Madame Bovary, det er eg!» sa Gustave Flaubert om hovudkarakteren i verket som vert sett på som ein av dei viktigaste romanane skriven på fransk. Den tragiske kjærleikshistoria om bondejenta Emma som drøymer om eit lidenskapeleg og ekstravagant sosietetsliv, har blitt utalege gongar dramatisert, filmatisert og adaptert. Den første filmen vart laga så tidleg som i 1932. Verket var bl.a. kjelda til Heinrich Sutermeisters kjende opera ved same namn frå 1967.

Det er med god grunn at romanen vert sett på som ein av dei viktigaste skriven på fransk. Den er litterært sett svært presis og fortel ei historie som er fascinerande og underhaldane. I Madame Bovary – frå livet i provinsen har Flaubert klart å løfte ein banal historie opp til å famne noko større. Han skildra inngåande si eiga samtid, som han sjølv mislikte og opplevde som meiningslaus. Romanen kan tolkast som ein kritikk av den franske borgarskapen og grensene som småbysamfunnet la på kvinner midt på 1800-tallet.

Før boka kom ut i 1857 gjekk ho som føljetong i tidsskriftet Revue de Paris. Ho vart skulda for å vere usedeleg, og måtte gjennom ei rettssak før ho var tilleten utgitt som bok.

Dette er første gong at ein tekst av Gustave Flaubert blir gitt ut på nynorsk.

SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.400 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Madame Bovary frå livet i provinsen”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *