Sal!

Mare (Lisa Charlotte Baudouin Lie)

kr262.00

Levering 3-7 arbeidsdagar

SKU: 13219 Kategoriar: ,

Omtale

Det finst teoriar om at morskjærleiken er den opphavlege forma for kjærleik, medan andre former, som den romantiske, er mutasjonar, og at morskjærleiken slår inn og endrar hjernen til alle som tar ansvaret for eit lite barn over tid. Men kva får eit menneske til å ta barna sine med seg og hoppe frå balkongen? Kva anna enn vondskapen i verda? At mørket har trengt inn i dei?

«Mare» blei utropt til kultframsyning straks etter premieren på Det Norske Teatret i 2019 og vann Ibsenprisen for beste scenetekst året etter. Stykket tar utgangspunkt i eldre versjonar av Medea-myten – her er skulda for barnemorda ikkje så klar som i den forteljinga som har dominert i ettertida – og undersøker skiftet som kan anast i myten, frå det ekstatisk feirande jordbrukssamfunnet der kvinner hadde ein sterk posisjon, til dei nye bystatane der kvinnene blei overkøyrde og logikkens lys og lamper blei tende, kanskje overtende.

Vi møter ei handfull fascinerande skikkelsar på veg ut av det klassiske teaterets fødestad, medan vi aner urteateret. Pan, den første teaterkritikaren, som menadane attrår. Hera, som i ein versjon av myten hadde lova å verne Medeas barn, men lét dei døy av vanskjøtsel. Idealmora Magda Goebbels, som tok livet av dei seks barna sine. Flaggermus frå underverda. Festivaldeltakarar og landsbybuarar frå fortidas innbilte Korint, der pottemakarar sit på kvart eit hjørne og lagar svartkeramikk medan forbipasserande spyttar på dei.

«Mare» feirar fruktbarheita og likesæla og livets sikre framhald i ei eller anna form, om ikkje den du hadde sett for deg, og hyllar høvet til å ta hemn, til å smelte saman i noko betre, til å slå tilbake med mytiske og verkelege middel koste kva det koste vil.

Boka er illustrert med fotografi frå oppsetjinga på Det Norske Teatret og original collage frå biletkunstnaren Maja Nilsen, scenograf på «Mare» og mangeårig samarbeidspartnar med Lisa Lie.

Mare er omsett til nynorsk av Gunnhild Øyehaug og Inger Johanne Sæterbakk.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.175 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Mare (Lisa Charlotte Baudouin Lie)”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *