Mare

Kristin Sørsdal

kr375.00

1 på lager

SKU: 11650 Kategoriar: ,

Omtale

Solveig går i land på øya som er Europas siste utpost før Afrika. Ho sym tusenmeter på tusenmeter i det krystallklare vatnet. For nokre få år sidan gjekk ein båt ned her, åtte hundre meter ut i havet. 368 menneske drukna. Har Solveig eit morbid ønske om å symje blant døde sjeler eller eit oppriktig ønske om å skjøne lidinga til dei som kjem over havet? Og kvar er eigentleg alle flyktningane og migrantane som avisene fløymer over av?

På den libyske sida av havet gjer ein gut seg klar til å reise. Draumen hans er å reise med eit stort passasjerskip over havet, og deretter ta toget strake vegen til faren, som er i byen dei kallar Bodo. Overfarten byrjar ei natt under stjernehimmelen medan guten leiter etter Kassiopeia mot nord.

Mare utforskar maktesløysa enkeltmenneske kan føle i vår tids store konfliktar, frustrasjonen over å vere på den heldige sida av grensa, sinnet over å kjenne seg innestengd bak den grensa.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.314 kg
Innbinding

Aldersnivå

Vaksen

Forlag

Det Norske Samlaget

Språk

Nynorsk

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Mare”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *