Museguten Zakkarias

Oddbjørg Bjerke

kr100.00

3 på lager

SKU: 13319 Kategori:

Omtale

Museguten Zakkarias bur under golvet i det raude huset i skogen saman med foreldra sine og veslebror. Han har blå olabukse med raud bot i baken, og i den raude bota er det eit hol, slik at rova kan stikke ut.

Det er mykje å oppleva i den store verda utanfor musehuset. Zakkarias får ski, så han kan aka, nett som den store guten i det raude huset. Det er veldig moro, men det går ikkje like godt heile tida.

Zakkarias blir kjend med museguten Tobias og Svansi ikornjente og opplever spennande eventyr i møte med katten Kvitepus, med reven, maur, kvefs og andre skapningar. Han kjem på sjukehuset, og han får seg til og med ein bytur saman med Tobias.

Kanskje du òg vil bli med inn i eventyret saman med museguten Zakkarias?

Oddbjørg Bjerke (1930–2004) var frå Etnedal, men budde på ein gard i Vestringsbygde i Nord-Aurdal som vaksen. På 1980-talet fortalde ho om museguten Zakkarias i «Barnetimen for dei minste» på NRK, under namnet «Tante Bo». Historiene gjekk òg som framhaldsforteljing i avisa Valdres. Det er ein del av desse historiene som er samla i boka Museguten Zakkarias.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.550 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Museguten Zakkarias”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *

Kan hende du likar…