Nærast er du når du er borte – dikt i samling

Tor Jonsson

kr375.00

Levering 3-7 arbeidsdagar

SKU: 12632 Kategoriar: ,

Omtale

Ny utgåve, utvida med 50 dikt Tor Jonsson er rekna som ein av våre mest markante essayistar og diktarar. Både artiklane og dikta han skreiv var prega av hans kritiske syn på makt og ulikskap i samfunnet. I dikta står livslyst mot dødslengt, draum mot røynd og eld mot kulde. «Eg åtte ikkje kjærleik», skriv Tor Jonsson i eitt av sine dikt. Han har likevel skrive seg inn i norsk litteraturhistorie med eit par av våre mest kjende kjærleiksdikt, «Norsk kjærleikssong» og «Når du er borte». Nærast er du når du er borte. Dikt i samling inneheld dikt frå dei fire diktsamlingane Mogning i mørkret, Berg ved blått vatn, Jarnnetter og Ei dagbok for mitt hjarte. I tillegg finn du nokre av dikta han skreiv til avisene Dølenes Blad og Hallingdølen og tidlegare upubliserte dikt frå privatarkivet. Tor Jonsson (1916-1951) vaks opp i tronge kår i Lom i Gudbrandsdalen. Jonsson skreiv i alle sjangrar, men det er lyrikk og essays han er mest kjent for. I sitt korte liv rakk han å bli ein etablert forfattar med fire kritikarroste diktsamlingar, i tillegg til skodespel og artiklar.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.450 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Nærast er du når du er borte – dikt i samling”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *