Omtale
Eit ungt par dreg heim til hennar foreldre. Dei har ingen stad å bu, og jenta er høggravid.
Ho er usikker på kjærasten og likar seg dårleg heime. Far til jenta ignorerer den ukjende svigersonen, og den sjukelege mor hennar er mest oppteken av sladder. Stemninga blir ikkje betre då jenta sin tidlegare kjærast dukkar opp.
Namnet hadde urpremiere på Den Nationale Scene i Bergen våren 1995. Teaterstykket
var skrive på bestilling frå festspela. Fosse fekk Ibsenprisen for stykket, og seinare har
Namnet reist verda rundt. Namnet er eit av dei mest spelte Fosse-stykka.
“Jon Fosse är ingen svÃ¥r författare. Han använder de enklaste ord och skriver om erfarenheter som vi alla har en relation till: separation, död och sÃ¥rbar kärlek.”
Anders Olsson, leiar i Nobelkomiteen
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.