Nynorskdidaktikk

Hjalmar Eiksund, Gudrun Kløve Juuhl, Kristin Kibsgaard Sjøhelle

kr305.00

Levering 3-7 arbeidsdagar

Omtale

Den norske språksituasjonen fører til at ein som lærar kan få ansvaret for norskundervisninga i reine bokmålsklasser, reine nynorskklasser og i klasser der elevane har ulikt hovudmål. Alle lærarar skal kunne gi god opplæring i norsk, både til elevar som har nynorsk som sidemål, og til elevar som har nynorsk som hovudmål. Denne boka tek sikte på å gi eit didaktisk grunnlag for å gi god undervisning i nynorsk, uavhengig av denlokale språksituasjonen. Boka er skriven med utgangspunkt i siste utgåve av læreplanverket (LK20) og har eigne kapittel om nynorsk som både hovudmål og sidemål, nynorsk barne- og ungdomslitteratur, nynorsk fagskriving og andre inngangar til nynorskdidaktikk.

Hjalmar Eiksund er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Høgskulen i Volda. Han har undervisningserfaring frå ungdoms- og vidaregåande trinn, og arbeider i dag i hovudsak ved grunnskulelærarutdanningane. I forskinga si er han oppteken av skriving på barne- og ungdomstrinn, sosiolingvistikk og dialektkunnskap.

Gudrun Kløve Juuhl er førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen i Volda. Ho arbeider i barnehagelærarutdanninga og ved master i grunnskulelærarutdanning. I forskinga si er ho oppteken av barn og ungdoms eigne tekstar, skriving og literacy-praksisar.

Kristin Kibsgaard Sjøhelle er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Høgskulen i Volda. Ho arbeider ved master grunnskolelærarutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning, og har undervisningserfaring frå ungdoms- og vidaregåande trinn. I forskinga si er ho særleg oppteken av nynorsk som sidemål og skrivedidaktikk.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.325 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Nynorskdidaktikk”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *