Opptur Stad

Arild Vonheim

kr436.00

2 på lager

SKU: 13169 Kategoriar: , ,

Omtale

OPPTUR STAD skildrar dei beste turopplevingane i Stad kommune i Nordfjord. Kommunen vart danna i 2020 ved at Selje, Bryggja og Eid gjekk saman. Stad er ein av dei lengste og smalaste kommunane i landet, 120 km etter vegen, frå innlandet til kysten. Naturen er makelaus, frå bratte fjell ved Hornindalsvatnet, som er den djupaste innsjøen i Europa, til Vestkapp, det majestetiske fjellplatået og landemerket lengst vest på Stad-halvøya.

Boka inneheld 146 turar, dei aller fleste fotturar til fjells. Her er også sentrumsvandringar i Nordfjordeid og Selje, bygdevandringar og turar til historiske stader som heilagøya Selja, Dragseidet og Sagastad. Boka har 7 sykkelturar, som dannar ei samanhengande rute på veg mot havet.

OPPTUR STAD har både lette og meir krevjande turar. Alle turane er teikna inn på flyfoto, med fyldig turomtale, oppgjeven vanskegrad, lengde og tidsbruk. Boka viser nøyaktig kvar turane startar og kvar rutene går.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.500 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Opptur Stad”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *

Kan hende du likar…