Polititjuven

Marianne Gretteberg Engedal

kr288.00

Levering 3-7 arbeidsdagar

SKU: 12836 Kategoriar: ,

Omtale

Politi og røvar

Kjell er fødd inn i ein tjuvefamilie, men er ikkje tjuv lenger. Det er ingen i verda Kjell likar så godt som Pølse-Per og det er ingenting i verda Pølse-Per likar så godt som pølser. Men rett før skulen skal på overnattingstur i skogen, flyttar det ein politifamilie til byen. Politijenta Perit skal bli med på klasseturen. Og for Kjell endrar alt seg når Perit blir ein polititjuv: Ho stel bestevennen Pølse-Per.

I «Polititjuven» møter vi att Kjell som vi blei kjend med i «Pølsetjuven» frå 2019. Pølsetjuven vann Kulturdepartementets bildebokpris 2019 og Nynorsk barnelitteraturpris. Boka er blitt omsett til fleire språk og satt opp som teater på Den Nationale Scene i Bergen.

Marianne Gretteberg Engedal (f. 1986) er illustratør og kokk frå Haugastøl. Utdanna ved Kunsthøgskulen i Bergen. Ho har illustrert fleire bøker for barn og unge.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.460 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Polititjuven”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *