Professor Moreaus løyndom

Ragnar Hovland

kr218.00

1 på lager

SKU: 13019 Kategoriar: ,

Omtale

Eksotisk og erotisk krim med trådar til motstandsrørsla under krigen.

Doktor Absens oppsøker kaptein Margalo for å få han til å løyse mysteriet med den polske motstandskvinna som forsvann rett etter krigen. Og dermed er ei spennande jakt gjennom fleire verdsdelar i gang.

«Professor Moreaus løyndom» har alle trekka til ein ekte røvarroman. Her er forførande kvinner, eksotiske utlendingar, mektige myndigheiter og forfylla sjømenn. Med ein galen professor og ein kaptein på leiting i si eiga fortid er det duka for absurditetar. Her er talrike drap og attentat i ei fargerik forteljing som ikkje akkurat bleiknar når hovudpersonen omsider får innsyn i professor Moreaus løyndom.

Hovland viser seg frå ei anna side i denne boka, men det absurde er likevel på plass, og vi finn mang ei setning som er verd å klippe ut og henge på veggen. Vel så mykje som romanen stiller spørsmål om hendingar, stiller han spørsmål om røyndommen – og avsluttinga er kanskje vel så overraskande for lesaren som for kaptein Margalo?

Kuriosum: «Professor Moreaus løyndom» var ein av tre førsteprisvinnarar i Samlagets konkurranse for underhaldningsromanar i 1985.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.214 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Professor Moreaus løyndom”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *