Rapportar frå randsonene

Margunn Vikingstad

kr305.00

Levering 3-7 arbeidsdagar

SKU: 12980 Kategoriar: ,

Omtale

Forfattarane Margunn Vikingstad les i denne essaysamlinga skriv frå ulike randsoner. I økologien betyr randsone eit grenseområde som kan fungere som utvekslingsstad og spreiingskorridor for ulike artar. Dei randsonene vi møter i denne boka, knyter seg i stor grad til ei (ut)veksling mellom fridom og fellesskap, men òg mellom fantasi og verkelegheit. Slik kan somme av bøkene lesast som ein spreiingskorridor, til dømes Sara Stridsbergs og Inger Bråtveits bruk av levd liv og verk i litteraturhistoria når dei skriv sin eigen litteratur, eller måten Jon Fosse skildrar liv i randsona mellom dei levande og dei døde, mellom det mytiske og det realistiske – og det kan òg opne nye perspektiv i lesinga av Geir Gulliksens mange portrett av mennesket som forsvinn heilt for seg sjølv i samspelet med andre.

Eitt av spørsmåla Vikingstad stiller seg, er kva som kan skje i litteraturen i ein slik grøn korridor. Er det for eksempel ein stad der forfattaren skriv seg fri frå sine førelegg i eigen litteratur? Er det ein stad der den litterære fantasien har særskilt gode vekstvilkår? Og er denne randsona ein stad der så vel fridom og einsemd som død kan skildrast på sitt mest truverdige?

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.180 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Rapportar frå randsonene”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *