Reisegalskap 3

Ivar Mork

kr399.00

1 på lager

SKU: 12844 Kategoriar: , , ,

Omtale

Reisegalskap 3 er tredje bandet av Ivar Mork sine reisebrev, fyrst publiserte på Facebook frå dag til dag under reisa. Reisegalskap 1 kom ut i 2018, og fyrste opplaget vart snøgt rive bort – ettersom mange lesarar hadde venta på å få dei omtykte reisebreva i bokform. Boka vart fylgd opp av Reisegalskap 2 året etter.

Forfattaren rettar eit skråblikk mot mangt og mykje som kan hende under ei danningsreise utanfor allfarveg. Her er humor både til å humre over og til å gapskratte av, og sjølvironien er kanskje den mest bitande.

Mange lesarar har òg vorte gripne av forfattaren sine skildringar av møte med menneske på reisa, av alvoret og ettertanken som fylgjer med.

Forfattaren si interesse for politikk og historie bryt ofte igjennom – med verdiane hans som bakteppe.

Reisegalskap 3 er i same sjanger og skildrar opplevingar frå seks reiser på tre kontinent.

Ivar Mork skriv eit personleg og dialektnært nynorsk, rikt på nyslegne metaforar og subtile referansar.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.746 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Reisegalskap 3”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *